Barnehagen vår
Hatlebakken Barnehage ligg i Vågnesvegen 112 i Langevåg. Barnehagen vart opna i 1998, og har ei avdeling med 25 plassar for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg tett ved eit stort skogsområde i naturskjønne omgivnadar. Flott og kupert uteområde både innanfor og utanfor gjerdet. I skogsområdet har vi gapahuk, klatrenett, grue, balansetau, trampoline m.m.
Barnehagen har ein kristen profil og vektlegg den kristne bodskapen bl.a. gjennom song og fortellingar.
Vi vektlegg leik, uteliv og gode opplevingar i eit trygt, godt og lærerikt miljø.
Kvart enkelt barn er unikt og skal kjenne seg verdifullt.
Visjon: "Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du også gjere mot dei".
Opningstid: Mandag - fredag kl. 7.00 - 16.30 (Utvida opningstid ved behov)

Korleis søke barnehageplass?
Vi har samordna opptak med Sula Kommune. Følg linken
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med styrar i barnehagen: Anne-Brit Erdal Magnussen tlf. 70 19 21 37 mobilnummer: 482 79 405
Vi har pr dato ledige plasser, søknadsfrist for nytt barnehageår er 1. mars
Kvardagsglimt
Gode kvardagsaugneblikk saman med barna er viktig å ta vare på. Det er slike små og store opplevingar som formar oss. Vi ønsker å skape engasjement, interesse og motivasjon. Skape gode opplevingar gjennom leik og læring.
Som det også er uttrykt i rammeplanen for barnehagar så skal barnehagedagen vere prega av trivsel, vennskap og leik. Barnehagen skal gi rom for barnas ulike føresetnder, perspektiv og erfaringar og bidra til at barna i fellesskap med andre utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner. Barn skal møtast med empati og få høve til å vidareutvikle empati og evne til å tilgi.
Sjå fleire bilde på bildegalleri
Årsplan 2020/2021
Del 1 - Informasjonsdel og velkomsthefte
Del 2 - Teori
Del 3 - Metodisk del/ Emneplan
Barnehagerute 2020/2021
 gapahuk og trampoline i skogen (1).jpg)
Barnehagen er oversiktleg. Her kjenner alle alle, noko som gjer at barna kjenner seg trygge. Eit stabilt personale.
Barnehagen har ei avdeling for barn fra 0 - 6 år. Kjekt for søsken å få vere saman. Dei store lærer å ta omsyn til dei yngre og dei yngste strekker seg i utvikling saman med dei eldste barna.
I løpet av dagen deler vi inn barnagruppa i mindre gruppe. Opplegg blir lagt opp ut i frå alder og utvikling.
Kontakt oss
Mandag - Fredag kl. 7:00 - kl. 16:30
Telefon : 70 19 21 37 / Mobil: 482 79 405
e-post: post@hatlebakken.no
Hatlebakken Barnehage SA
Vågnesvegen 112, 6030 Langevåg