Kvifor velge oss?
Skriv inn undertittel her

 Vennskap 

Barnehagen vil aktivt legge til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.  Barna får  hjelp og støtte til å dekke sine eigne behov og ta omsyn til andre sine behov.

Sosial kompetanse er ein forutsetnad for å fungere godt saman med andre.



Skog og natur

Vi har eit utruleg flott uteområde i skogkanten. Her har vi bærbusker, gapahuk, grue,  klatrenett, trampoline , skute og sandkasse. Flott for barna å få klatre i tre og utfolde seg i ulent terreng. Om vinteren blir deler av uteområdet til ein lang akebakke. Den blir godt benytta når snøen kjem. Det er veldig kjekt! 

.

Kristen tro

Hatlebakken Barnehage er ein kristen barnehage, og vektlegg  dei kristne verdiane. Vi markerer dei kristne høgtidene. Syng songar med kristent innhald, og formidlar bibelfortellingar i nokre av samlingstundene i veka. 

"Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du også  gjere mot dei". 

Mat og kosthald

I barnehagen har vi 3 måltid pr. dag.  

Frokost, formiddagsmåltid og ettermiddagsmåltid.

Hovudmåltidet i barnehagen er smøremåltid. Barna får trening i å smøre maten sjølv og å sende til kvarandre. Pålegga barna kan velge mellom er varierte og sunne.   Dei får dekke bord, og vi legg vekt på at barna skal lære god bordskikk.

Barna får servert frukt kvar dag og innimellom også varme middagsrettar.